Koret har gitt ut to cd-ar, under litt mindre primitive omstende enn det biletet over skulle tyde på.
CD-en “Solvindar” vart utgitt i samband med koret sitt 50-årsjubileum i 2015. Tittelen på CD-en er den same som på fyrste sporet. Dette er ein song med tekst av koret sitt æresmedlem Bjarne Dåe, og med melodi og arrangement av Per Indrehus.
Nedunder er det peikarar til tre av songane på CD-en. Desse er attgitt som mp3-filar i lågoppløyseleg format. Men likar du det du høyrer, er det mogleg å få kjøpt cd-en. Du kan gjere det ved å ta kontakt med koret sin kasserar.
Og her kan du høyre songane – peik og klikk på titlane.
- Solvindar – liveopptak frå Eid kyrkje, Nordfjordeid, juni 2015.
- Enstonig klinger den lille klokke – solist Geir Dancke Molvik
- Himmelvogna – solist Jan Helge Kristensen

