
Bergen kammerkor er eit blanda kor, og er eitt av dei fremste kora i denne delen av landet. Vi i Brekke mannskor synest det er ei stor ære – og ei endå større glede – å få ynskje Bergen kammerkor velkomen til Brekke, og vere saman med dei i ein konsert i Brekke kyrkje.
Konserten vert halden laurdag 22. juni kl.17.00, og vil innehalde eit variert program, med songinnslag i ulike sjangrar. Kvart kor vil ha sine eigne avdelingar, og dessutan foreine kreftene i eit par fellesnummer.
Vi trur at dette vil verte ei flott oppleving for alle som kjem til Brekke kyrkje denne ettermiddagen, og vi vonar at mange finn høve til å ta turen hit.
Konserten er gratis. Men det beste i livet skal vel vere akkurat det, eller? Velkomne alle!