“Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song…”
Dette er tittelen på konserten koret skal halde i Storstova på Leknes 19. mai, i samarbeid med gode krefter frå UL Heimhug og Bygdelaget 5915.
Andre gode krefter som må nemnast er solistane koret har med seg, Else Iren Westervik, sopran, og Geir Dancke Molvik, tenor.
Vi kan love ein konsert med eit mangslunge innhald. I tillegg vert det servering av kaker og kaffi, og det vil verte halde eit åresal.
Billettar til konserten kostar 200 kr for personar over 16 år. Dei under 16 år kjem inn gratis. Billetten inkluderer kaffi og kaker.
Det er høve til å førehandstinge billettar via VIPPS – 127433.
Velkomne, alle !
